mandag 21. mars 2011

"Ein kan ha godt av å sjå nøye på ting..."


I den kokande gryta 
sløsar du
med globusen din av frisk mat, 
og i den brennande varme olja
vert dei krystallklåre blada dine
skapte om til krølla fjører av gull. 

(Utdrag av "Ode til løken" av Pablo Neruda, gjendikting Kjartan Fløgstad)

Dette skriver Kjartan Fløgstad inspirert av Pablo Nerudas blikk , hans dikt om eple og løk:


«Til visse tider på dagen eller om natta, kan ein ha godt av å sjå nøye på ting som ligg i ro: Hjul som har rulla bortetter lange, støvete vegar med tunge bører av planter eller stein, sekkene frå kolhandlaren, tønner, korger, handtak og skaft på verktyet til snikkaren. Frå dei strøymer kontakten til mennesket med jorda som ei lekse for den pinte lyriske diktaren. Dei brukte overflatene, bruken som hendene har slite inn i tinga, stemninga omkring desse tinga, som ofte er tragisk og alltid patetisk, gir røyndommen i verda ei tiltrekning som ein ikkje må forakta.
Dei forvirra og ureine vilkåra menneska lever under, vert sansa i tinga, i samanstillinga av dei, i brukte og ubrukte material, i spora etter fot og fingrar, i det menneskelege nærværet som strøymer over tinga både innanfrå og utanfrå.»

I anledning verdens poesidag tok jeg han på ordet....og la løken på bordet...og betraktet.






2 kommentarer:

  1. Nå fikk jeg gråtkvalt lyst til å se filmen Il Postino om igjen...

    SvarSlett