Akkurat nå er det viktig.
Stille stunder.
Livets små gleder
og store under.
Nyt freden og gleden.
Forfattaren trur mange vaksne les bøkene frå sin eigen barndom for borna sine, fordi dei ikkje veit kva dei skal velje.
"For all del – la ungane lese Lindgren, Vestly, Egner og andre klassikarar, men gje dei noko anna i tillegg. "
” Inni meg var det i staden for ein stor klump, som aldri forsvann. Klumpen kom mest av at Lena var borte, kjende eg. Det forandra alt. Trea var ikkje til å klatre i lenger, og føtene ville ikkje springe. Ho må ha hatt noko med maten å gjere også, for plutseleg var det ingenting som smakte noko. Det var det same om eg åt skive med leverpostei eller is. Det var nesten så eg lurte på om det var meininga eg skulle slutte å ete. ”
Så såg farfar alvorleg på meg og sa at å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst.
–Du forstår, Trille-farr, at om ein er trist fordi ein saknar eit menneske, då betyr det at ein er glad i det mennesket. Og å vere glad i nokon, det er det finaste som finst. Dei vi saknar, har vi inni oss. Han slo seg på brystkassa så det small.
-Åh..., sa eg og drog ermet over auga. –Men farfar, ein kan ikkje leika med folk som er inni her, sukka eg og slo meg på brystet eg også. Farfar nikka tungt og forsto.
”Eg trampa rasande ut av kjøkkenet. Vaksne folk skulle ikkje vore oppfunne! Drive slik og ta med seg ungar hit og dit, når dei ikkje ville!”
”Tenk alt vaksne kan ordne når dei berre vil! Eg hadde spurt mamma om ho kunne trylle.
"Alle har vel drømmar om å setta seil, kryssa hav og strømmar med noe aent enn ein mail, ri den kvite båre, - vind og salt i håret -, bare ta av gårde, aldri styra feil.
Her e nok ein sang om havet nok ein sjømann har gått i stå, nok ein sang om morild og ravet og om bølgene di blå.
Alle har vel drømmar om å slå seg fri, kasta stramme tømmar, glømma hus og him og hi. Heller stå ved roret sånn som Sinbad gjorde, ikkje gå fra borde før det legges bi.
Havet gir deg lengsel itte storm og strøm. Fastland e et fengsel. Havet e ein drøm. Drømmen e ein gave som einkver kan få som e gla i havet og bølgene di blå.
Her e nok ein sang om havet nok ein sjømann har gått i stå, nok ein sang om morild og ravet og om bølgene di blå."